DANS4110

Utøving dans A

Sist undervist 2012

Vår og Høst

Norsk

Oversikt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Utøving A-C dannar fundamentet i studiet. Gjennomgåande fokus vil vera på kunnskap og ferdigheiter i sjølve tradisjonsdansformene, og utøvinga av dei som kunstnarleg uttrykksform. Her er samspelet med tradisjonsmusikken eit sentralt moment, i tillegg til utvikling av fysiske, tekniske og stilmessige føresetnader for å utføre tradisjonsdansen.
Utøving A vil ha hovudfokus på utvikling av danseteknikk, rytmikk og stil for tradisjonsdans. Undervisinga i full gruppe omfattar dansetekniske og stilmessige ferdigheiter for tradisjonsdans, oppøving av teknikkar for læring og herming av tradisjonskjelder, repertoarutvikling og utvikling av sjølvøvingsteknikkar. Emnet stiller store krav til sjølvstendig studieinnsats.
Studenten skal i tillegg til den ordinære undervisinga delta i dansing knytt til tradisjons- og folkedansmiljø, og delta i husframsyningar og prosjekt.

Obligatorisk kurs: "Musikken i dansen". Praktisk fellesundervising.
Kurset vert vurdert til fullført/ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising.

Læringsmål

Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4110
• har kunnskap om grunnleggjande danseteknikk, ulike stilmessige uttrykk og danserytmar i tradisjonsdans
• har kunnskap om skaping av personlege, musikalske og rørslemessige uttrykk i tradisjonsdans
• har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og spelemenn
• har kunnskap om øvingsteknikkar i tradisjonsdans
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4110
• har ferdigheiter til å utøve folkeleg stil, rytmikk og danseteknikk solistisk, som pardans og i grupper
• har ferdigheiter til å danse eit utval folkelege danseformer i samspel med den tilhøyrande tradisjonsmusikken
• har ferdigheiter til å herme og analysere dans
• har ferdigheiter til å planleggje og evaluere øvingsmetoder i dans
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4110
• kan utføre presentasjonar for publikum både teoretisk og praktisk
• kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
• kan reflektera omkring faglege problemstillingar

Læringsformer og aktiviteter

Emnet er delvis samlingsbasert. Obligatorisk fellesundervising i danseteknikk, par- og solodansar. Noko gruppe- og indivduell rettleiing med basis i sjølvøving og dei obligatoriske oppgåvene. Studenten får individuelle praktiske oppgåver, som også omfattar obligatorisk skriving av refleksjonsnotat og produksjon av øvingsopptak. Skriftlege rapportar frå deltaking i tradisjons- og folkedansmiljø.

Hovuddansoppgåva i emnet DANS1002 Tradisjonskunnskap II vil bli nærare rettleia til yttarlegare sjølvvald fordjuping under dette emnet. Studentar som tidlegare har teke DANS1002 er venta å gjera eit nytt hovuddansarbeid, eventuelt følgja opp tidlegare hovuddansarbeid under dette emnet, og delta i offentleg visning. Hovuddansarbeidet vil under emnet DANS4010 bli vurdert til fullført/ikkje fullført.