DANS3011
Etnokoreologi
Sist undervist 2016
Vår og Høst
Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei fordjupa innføring i eit valt emne frå etnologisk og antropologisk danseforsking. Det blir lagt vekt på teori og metode. Eksempel på materiale og prosjekt frå ulike kulturar blir brukt som utgangspunkt og illustrasjonar. Studentane leverer ei heimeoppgåve over eit gitt tema.
Læringsmål
Kunnskapar: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3011
har kunnskap om hovedretningar i etnologisk og antropologisk danseforsking
har avansert kunnskap om teori og metode knytta til etnologisk og antropologisk danseforskning
har kunnskap om feltarbeidsteknikk og analyse av dans
Ferdigheiter: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3011
har ferdigheiter til å analysere, kritisk vurdere og diskutere hovedretningar i etnologisk og antropologisk danseforsking
har ferdigheiter i dansefagleg samarbeid over landegrenser
Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3011
kan vere sjølvstendig i akademisk arbeid
kan knyte teori og metode opp mot det praktiske arbeidet
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, seminar og praktiske øvingar gitt i eit intensivprogram. For å ta eksamen må studentane delta på minimum 75 % av undervisninga.