DANS3010
Masteroppgave i dans
Høst og Vår
Trondheim
Norsk og Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Arbeidet med mastergradsoppgåva er ei praktisk øving i dansevitskapleg forsking. Studenten vel oppgåvetema i samråd med rettleiargruppa, gjerne i tilknyting til eit av dei prioriterte felta lærar og studentar vil definera tidleg i studiet.
Læringsmål
Kunnskapar:
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3010:
- har avansert kunnskap om relevante historiske, teoretiske, estetiske, etnografiske og antropologiske tema innanfor det aktuelle problemfeltet
- har avansert kunnskap om teoretisk basis for å utvikle eit større akademisk prosjekt - har evne til å gjennomføre avansert danseforsking
- har god evne til kritisk vurdering og bruk av aktuelt teoretisk og praktisk materiale
Ferdigheiter:
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3010:
- beherskar å skrive vitskapleg og kan samle inn og bearbeide kjeldemateriale - har ferdigheiter å definere, hente fram, organisere og kontekstualisere eit dansemateriale gjennom kjeldekritikk og litteratursøk
- har ferdigheiter i å organisere eit feltarbeid i eit dansemiljø
- kan kombinere ein avansert danseanlyse eller feltarbeid med teori og metode Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS3010: - kan arbeide sjølvstendig i vitskapleg arbeid - kan knyte saman teori og metode i eit omfattande skriftleg arbeid
Læringsformer og aktiviteter
Individuell rettleiing, emneseminar. Disposisjon skal innleverast i byrjinga av semesteret. Sjølve mastergradsoppgåva skal normalt ha eit omfang på omlag 22 500-31 500 ord.