DANS2002
Etnokoreologi, dokumentasjon og notasjon
Sist undervist 2016
Vår og Høst
Norsk og Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei innføring i etnografi, feltarbeidsmetode og dokumentasjonsarbeid. Studentane får rettleiing til gjennomføring av eit enkelt prosjekt der dei dokumenterar dans/musikk/teater på video, registrerer, analyserer, drøfter og presenterer materialet gjennom ei skriftleg prosjektoppgåve. Studentane gjer feltarbeidet i gruppe eller enkeltvis, men leverer oppgåva individuelt. Emnet gir vidare ein overskikt over hovudretningar i etnologisk og antropologisk forsking, med vekt på dans der også andre kunstformer blir aktualisert. Det blir lagt vekt på teori og metode. Eit lite utval eksempel på prosjekt frå ulike verdsdelar blir gjennomgått, eller emnet kan velja ut eit bestemt tema som blir utgangspunktet for gjennomgangen. Emnet gir dessutan ei enkel innføring i Labanotasjon.
Læringsmål
Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS2002
-har kunnskap om hovedretningar i etnokoreologisk forskning
-har kunnskap om feltarbeidsteknikkar
-har kunnskap om labanotasjon
-har kunnskap om etnokoreologisk teori og metode
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS2002
-har ferdigheiter til å gjennomføra feltarbeid
-har ferdigheiter til å registrera og analysera innsamla materiale
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS2002
-kan skriftleg presentera material som er dokumentert på video
-kan gjere ulike feltarbeidsoppgåver i grupper eller enkeltvis
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, praktiske øvingar og rettleiing på prosjektoppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Nærare om undervisningsordninga: Prosjektoppgåve, praktisk prøve, mappeevaluering og godkjent presentasjon av skriftleg oppgåve. Studentane leverer mappe som blir vurdert samla med bokstavkarakter etter avslutting av undervisninga. Mappa skal innehalda svar på to oppgåvesett. Dei to oppgåvesetta tel likt. Studentane blir vidare vurderte med bokstavkarakter for ei skriftleg prosjektoppgåve med video basert på feltarbeid, og skal ha fått godkjent presentasjon av oppgåve og video. Dei blir vurderte med bokstavkarakter for ein praktisk prøve i Labanotasjon. Mappa tel 1/5, prosjektoppgåva tel 3/5 og den praktiske prøven 1/5. Ved stryk på ei av delprøvene (mappe, prosjektoppgåve, praktisk prøve) må ein ta opp igjen den delen ein stryk på. Stryk ein på mappa, må heile mappa leverast på nytt.