DANS1012
Tradisjonspraksis folkedans
Sist undervist 2013
Høst og Vår
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet omfattar ei innføring i folkeleg danseteknikk knytt til dansepraksis, der refleksjon, filmanalyse, og innlæring av eit dansemateriale står i fokus og der ein arbeider ut frå ei praktisk, kroppsleggjord tilnærming. Det tek opp sjangerbegrep om dans til diskusjon. Det er eit hovudpoeng å arbeida med folkeleg stil i danseteknikk og dansemusikk og med analytisk terminologi.
Emnet høyrer også nøye saman med anten DANS1011 eller med vidareutdanningskurset DANS6005 Norsk folkelig dans, og går slik inn i ein heilskap saman med eitt eller begge emna.
Læringsmål
Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1012
har kunnskap om danseterminologi
har kunnskap om sjangerbegrep i dans
har kunnskap om eit utval folkedanseformer
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1012
har ferdigheiter til å jobbe med folkeleg stil og danseteknikk ut frå filmdokumentasjon
kan reflektere over eigen dans og justere den under rettleiing
kan analysere folkelege danseformer ved hjelp av terminologi
kan danse folkelege danseformer
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1012
kan bruke terminologi og analytiske metodar i praktisk arbeid
kan føre ein dialog om eigne og andre sine ferdigheiter
Læringsformer og aktiviteter
Samlingsbaserte førelesingar, praktiske øvingar og rettleiing. Obligatorisk oppmøte i undervisninga.
Nærmare om eksamensordninga: praktisk prøve.
Studentane blir vurderte med bokstavkarakter for ei praktisk prøve i dansepensum.