DANS1011

Tradisjonskunnskap folkedans

Sist undervist 2016

Vår og Høst

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,44

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet inneheld eit oversyn over sjangrane og dialektvariasjonen i dans og musikk når det gjeld dei folkelege norske danseformene, og set dei inn i kulturhistoriske og dansehistoriske samanhengar. Ei viss orientering om parallelle former i andre land høyrer med. Emnet omfattar ei innføring i etnokoreologisk teoristoff, og forskingsmetode og ei fordjuping i danseanalyse og danseteknikk (hovuddans). DANS1011 heng nøye saman med DANS1012, og for å få eit fullstendig bilete, treng ein begge.

Læringsmål

Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1011
• har kunnskap om dansetypar og dialektvariasjonar i norsk folkedans
• har kunnskapar om tradisjonsdansen/musikken i kulturhistoriske og dansehistoriske samanhengar
• har kunnskap om estetisk vurdering av dans, som for eksempel praktisert ved dømming
• har kunnskap om danseanalyse
• har kunnskap om vern av immateriell kulturarv

Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1011
• kan lære av og forholda seg til ulike slags dansemiljø
• kan analysere, teikna ned og lære seg ein sjølvvald tradisjonsdans ut frå film
• kan analysere dans

Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS1011
• kan reflektere over etiske og faglege problemstillingar når det gjeld arkivmateriale
• kan knyte teori og metode opp mot praktisk arbeid

Læringsformer og aktiviteter

Samlingsbaserte førelesningar, arbeid med film og nedteikningar og praktiske øvingar. Obligatorisk oppmøte i undervisninga.

Nærmare om vurderingsordninga: Studentane løyser tre oppgåver: Oppgåve i danseanalyse, teoretisk oppgåve og presentasjon av hovuddansoppgåve. Dei blir vurderte med bokstavkarakter for dei tre oppgåvene. Kvar oppgåve tel 1/3.
Studentane på BA i dansevitskap, studieretning utøvarstudium i tradisjonsdans, får strengare krav til den utøvande delen av presentasjonen av hovuddansoppgåva. For desse studentane vil eksamen bli offentleg.