DANS1010
Folkedansmetodikk IV: Dansar frå 1900 talet
Sist undervist 2012
Norsk
Ingen karakterstatistikk ennå
Vi har ikke karakterdata for dette emnet ennå. Statistikk kan dukke opp når resultater er offentliggjort.
Om emnet
Faglig innhold
Emnet tek utgangspunkt i det afrikanske/ karibiske opphavet for det folkelege norske repertoaret av samværsdans for dansar frå 1900-talet for arbeidet med folkeleg danseteknikk og praktisk instruksjon. Emnet er dels praktisk innføring i danseteknikk og dels eit opplegg for instruksjonstrening. Studenten skal laga ein skriftleg og grunngitt plan for instruksjon av eit utval dansar og gjennomføra deler av instruksjonen. Emnet vil ha ein felles undervisning med DANS1007-1009 om ei innføring i didaktiske problemstillingar for opplæring i norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne.
To valfrie emne av DANS1007-1010 inngår i obligatorisk del av bachelorprogram i dansevitskap. Dei to andre emna kan inngå i valfri del av bachelorgrad.
Læringsmål
Kunnskapar: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1010
Har kunnskap om didaktiske problemstillingar knytta til opplæring i dansar frå 1900-talet
Har kunnskap om instruksjonsteknikk for og repertoaret i dansar frå 1900-talet
Ferdigheiter: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1010
har ferdigheiter i å analysere og utøve danseteknikk i dansar frå 1900-talet
studentar med norsk dansebakgrunn kan legge inn tapte afrikanske/ karibiske element i dansen
studentar med afrikansk/ karibisk dansebakgrunn kan veksle mellom de to stilartene
har ferdigheiter til å bruke instruksjonsteknikk og legge opp planmessiginstruksjon i dansar frå 1900-talet
Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1010
kan vere sjølvstendig i ein instruksjonssituasjon
kan vise sjølvstende i arbeidet med didaktiske problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, praktiske øvingar, rettleiing og skriftleg oppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Vurdering: Studentane blir vurderte med samla bokstavkarakter for presentasjon av ei skriftleg oppgåve og for praktisk prøve. Presentasjonen tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Ved stryk på ei av delprøvene (presentasjon, praktisk prøve) må ein ta opp att igjen den delen ein stryk på.