DANS1009

Folkedansmetodikk III: Bygdedans

Sist undervist 2012

Vår og Høst

Norsk

Oversikt

Snitt

B

4,00

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet tar utgangspunkt i det folkelege norske repertoaret av samværsdans for bygdedans for arbeidet med folkeleg danseteknikk og praktisk instruksjon. Emnet er dels praktisk innføring i danseteknikk og dels eit opplegg for instruksjonstrening. Studenten skal laga ein skriftleg og grunngitt plan for instruksjon av ein valgt dans og gjennomføra deler av instruksjonen. Emnet vil ha ein felles undervisningsdel med DANS1007, 1008 og 1010 om ei innføring i didaktiske problemstillingar for opplæring i norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne. To valfrie emne av DANS1007-1010 inngår i obligatorisk del av bachelorprogram i dansevitskap. Dei to andre emna kan inngå i valfri del av bachelorgrad.

Læringsmål

Kunnskapar: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1009
• Har kunnskap om didaktiske problemstillingar knytta til opplæring i norsk folkedans generelt og opplæring i bygdedans spesielt
• har kunnskap om instruksjonsteknikk for bygdedans og kjennskap til kortformer og bygdedansslekta turdansar

Ferdigheiter: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1009
• har ferdigheiter i å analysere og utøve danseteknikk i ein valgt bygdedans
• har ferdigheiter til å bruke instruksjonsteknikk og legge opp planmessig instruksjon i ein valgt bygdedans

Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1009
• kan vere sjølvstendig i ein instruksjonssituasjon
• kan vise sjølvstende i arbeidet med didaktiske problemstillingar

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, praktiske øvingar, rettleiing og skriftleg oppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Vurdering: Studentane blir vurderte med samla bokstavkarakter for presentasjon av ei skriftleg oppgåve og for praktisk prøve. Presentasjonen tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Ved stryk på ei av delprøvene (presentasjon, praktisk prøve) må ein ta opp att den delen ein stryk på.