DANS1008
Folkedansmetodikk II: Runddans og songleik
Sist undervist 2012
Vår og Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet tar utgangspunkt i det folkelege norske repertoaret av samværsdans for runddans og songleik for arbeidet med folkeleg danseteknikk og praktisk instruksjon. Emnet er dels praktisk innføring i danseteknikk og dels eit opplegg for instruksjonstrening. Studenten skal laga ein skriftleg og grunngitt plan for instruksjon av eit utval dansar og gjennomføra deler av instruksjonen. Emnet vil ha ein felles undervisningsdel med DANS1007, 1009 og 1010 om ei innføring i didaktiske problemstillingar for opplæring i norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne. To valfrie emne av DANS1007-1010 inngår i obligatorisk del av bachelorprogram i dansevitenskap. Dei to andre emna kan inngå i valfri del av bachelorgrad.
Læringsmål
Kunnskapar: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1008
Har kunnskap om didaktiske problemstillingar knytta til opplæring i norsk folkedans generelt og opplæring i runddans og songleik spesielt
har kunnskap om instruksjonsteknikk for og repertoaret i runddans og songleik
Ferdigheiter: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1008
har ferdigheiter i å analysere og utøve danseteknikk i runddans og songleik
har ferdigheiter til å bruke instruksjonsteknikk og legge opp planmessig instruksjon i runddans og songleik
Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1008
kan vere sjølvstendig i ein instruksjonssituasjon
kan vise sjølvstende i arbeidet med didaktiske problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, praktiske øvingar, rettleiing og skriftleg oppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Vurdering: Studentane blir vurderte med samla bokstavkarakter for presentasjon av ei skriftleg oppgåve og for praktisk prøve. Presentasjonen tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Ved stryk på ei av delprøvene (presentasjon, praktisk prøve) må ein ta opp att igjen den delen ein stryk på.