DANS1007
Folkedansmetodikk I: Turdans og songdans
Sist undervist 2012
Vår og Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet tar utgangspunkt i det folkelege norske repertoaret av samværsdans for turdans og songdans for arbeidet med folkeleg danseteknikk og praktisk instruksjon. Emnet er dels praktisk innføring i danseteknikk og dels eit opplegg for instruksjonstrening. Studenten skal laga ein skriftleg og grunngitt plan for instruksjon av eit utval dansar og gjennomføra deler av instruksjonen. Emnet vil ha ein felles undervisningsdel med DANS1008-1010 om ei innføring i didaktiske problemstillingar for opplæring i norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne. To valfrie emne av DANS1007-1010 inngår i obligatorisk del av bachelorprogram i dansevitskap. Dei to andre emna kan inngå i valfri del av bachelorgrad.
Læringsmål
Kunnskapar: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1007
Har kunnskap om didaktiske problemstillingar knytt til opplæring i norsk folkedans generelt og opplæring i turdans og songdans spesielt
har kunnskap om instruksjonsteknikk for og repertoaret i turdans og songdans
Ferdigheiter: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1007
har ferdigheiter i å analysera og utøva danseteknikk i turdans og songdans
har ferdigheiter til å bruka instruksjonsteknikk og leggje opp planmessig instruksjon i turdans og songdans
Generell kompetanse: Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS1007
kan vere sjølvstendig i en instruksjonssituasjon
kan vise sjølvstende i arbeidet med didaktiske problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, praktiske øvingar, rettleiing og skriftleg oppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Vurdering: Studentane blir vurderte med samla bokstavkarakter for presentasjon av ei skriftleg oppgåve og for praktisk prøve. Presentasjonen tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Ved stryk på ei av delprøvene (presentasjon, praktisk prøve) må ein ta opp att den delen ein stryk på.