DANS1006

Allmenn folkedanspedagogikk

Sist undervist 2009

Vår

Norsk

Oversikt

Snitt

B

4,00

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Rørslepedagogikk: Studentane får ei orientering i menneske si motoriske utvikling frå barn til vaksen og eit grovt oversyn over ein del allmennpedagogiske prinsipp. Dei skal få døme på hovudprinsipp i didaktikk og metode innafor eit utval andre dansegenrar som t.d. ulike typar scenisk dans, sportsdans eller helsedans. Det heile blir sett inn i ei allmenn pedagogisk ramme for estetiske fag, der også estetisk teori blir dregen inn.

Folkedansens didaktikk: Studentane skal arbeida inngåande med didaktiske problem i folkedansopplæringa.

Folkedansopplæring: Studentane får ei innføring i metodar og problem med opplæring i alle typar norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne.

Allmenn danseteknikk: Studentane får ei enkel innføring i nokre grunnleggjande sider ved folkeleg danseteknikk, og får oppgåver for sjølvøving med støtte i video.

Læringsmål

Studentane skal få kunnskap om allmennpedagogiske prinsipp i rørslepedagogikk og om motorisk utvikling. Dei skal vidare læra ei analytisk tilnærming til didaktiske spørsmål i folkedansopplæring.

Læringsformer og aktiviteter

Samlingsbaserte førelesingar og praktiske øvingar.
Vurdering: Heimeeksamen og praktisk prøve i danseteknikk. Heimeeksamen tel 3/4 og praktisk prøve 1/4. Stryk ein på ei av delprøvene (heimeeksamen, praktisk prøve) må ein ta opp att igjen den delen ein stryk på.