ALIT3301
Felles allmennteoretisk pensum
Sist undervist 2010
Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Pensum omfattar tekstar frå moderne litteraturteori, estetisk teori, poetikk, sjangerteori, interpretasjonsteori og aktuell litteraturvitskapleg debatt. Det kan også innehalde faghistorie og litteraturhistorieteori. Samla må pensumet representere ei viss fagleg breidde. Pensum skal vere på ca. 1200 sider og blir utarbeidd av studenten sjølv, i samråd med faglærarane.
Læringsmål
Emnet skal gi studentane ein vitskapsteoretisk, litteraturteoretisk og faghistorisk kompetanse som skal gi bakgrunn for vitskaplig arbeid med litteratur på masternivå.
Læringsformer og aktiviteter
Seminar. Det krevst aktiv deltaking av studentane med munnlege framføringar, kommentarar og liknande.