ALIT1106

Litteraturen fra 1900 til 2000

Sist undervist 2017

Vår

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,08

0,01

Ståprosent

92 %

2 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Modulen gir ei innføring i den nyare litteraturen frå århundreskiftet fram til postmodernismen i vår eiga tid. Dei viktigaste forfattarane og verka ein vert kjend med, er romanar som Virginia Woolfs To the Lighthouse, Franz Kafkas Der Prozess og Marguerite Duras' L’Amant, og drama som Berthold Brechts Mutter Courage, Samuel Becketts Endgame og Tom Stoppards Travesties. I tillegg blir det undervist i eit tekstutval med lyrikk og teori. Slik vil kurset gi ei forståing av kunst og litteratur i vår eiga samtid. Undervisninga vil også trekkje relevante parallellar til andre kunstartar innanfor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.

Læringsmål

Kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- kjenner hovudlinene i den vestlege litteraturen frå 1900 til 2000

- har spesiell kunnskap om sentrale enkeltverk og generell kunnskap om sjangerbegrepet i moderne tid

- forstår litteraturen i ein større estetisk, historisk og kulturell samanheng

- kjenner til og kan bruke relevante litteraturvitskapelege analyseverktøy

- kan gjennomføre ein litterær analyse og formidle sentralt fagstoff i skriftleg form

Læringsformer og aktiviteter

Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.

Obligatorisk aktivitet:
1-2 obligatoriske aktivitetar, inkludert minst ei godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.

Tidsomfang:
1/2 semester (mars - juni).