ALIT1105
Litteraturen fra 1800 til 1900
Sist undervist 2017
Vår
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Modulen gir ei innføring i den nyare litteraturen frå romantikken tidleg på 1800-talet fram til århundrets avslutning. Dei viktigaste forfattarane og verka ein vert kjend med, er Emily Brontës Wuthering Heights, Gustave Flauberts Madame Bovary, Fjodor Dostojevskijs Forbrytelse og straff (Raskolnikov), Henrik Ibsens Gengangere, August Strindbergs Et drömspel, og Anton Tsjekhovs Kirsebærhaven. I tillegg blir det undervist i eit representativt tekstutval med lyrikk og litteraturestetikk. Kurset gir ei forståing av nokre av dei viktigaste tradisjonane i den europeiske litteraturen på attenhundretalet. Om hovudvekta ligg på litterær analyse og litteraturhistorie, så vil undervisninga også trekkje relevante parallellar til andre kunstartar innanfor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.
Læringsmål
Kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- kjenner hovudlinjene i den vestlege litteraturen frå romantikken og fram til sluten av hundreåret
- forstår litteraturen i ein større estetisk, historisk og kulturell samanheng
- kjenner til og kan bruke relevante litteraturvitskapelege analyseverktøy
- kan gjennomføre ein litterær analyse og formidle sentralt fagstoff i skriftleg form
Læringsformer og aktiviteter
Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving. Obligatorisk aktivitet: 1-2 obligatoriske aktivitetar, inkludert minst ei godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding. Tidsomfang: 1/2 semester (januar - mars).