ALIT1102
Litteraturen fra 1500 til 1800
Sist undervist 2019
Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei innføring i fleire av dei kunstnarisk største og mest fargerike epokane i historia til Europa, som renessansen, barokken, klassisismen og opplysningstida.
Dei viktigaste forfattarane og verka studenten blir kjend med, er Shakespeares Hamlet, Cervantes Don Quijote, Molières Tartuffe, Racines Fedra, Prévosts Manon Lescaut og Goethes Faust. Eit representativt utval av lyrikken frå desse hundreåra dannar saman med teoriar om diktekunsten basis for ei tverrestetisk forståing av dei stilepokane som kurset omfattar. Dette inneber at undervisninga vil trekke relevante parallellar til andre kunstartar innanfor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.
Læringsmål
Kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- kjenner hovudlinjene i den vestlege litteraturen frå 1500 til 1800
- har spesiell kunnskap om sentrale enkeltverk innanfor epikk, lyrikk og dramatikk og generell kunnskap om utviklinga og poetikken til sjangrane
- forstår litteraturen i ein større estetisk, historisk og kulturell samanheng
- har kjennskap til utviklinga til dei litterære hovudsjangrane i ei samfunnsmessig kontekst
- kjenner til og kan bruke grunnleggjande litteraturvitskapelege analyseverktøy
- kan gjennomføre ein litterær analyse og formidle sentralt fagstoff i skriftleg form
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.
Emnet blir undervist som blokkundervisning i 6 uker fra oktober til november.
Obligatorisk aktivitet:
1-2 obligatoriske aktivitetar, inkludert minst ei godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.