ALIT1101
Litteraturen fra antikken til 1500
Sist undervist 2018
Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet skal gi studentane ei grunnleggjande innføring i den vestlege historia til litteraturen frå antikken til renessansen.
Emnet omfattar fleire av dei klassiske verka frå denne perioden, som Homers Odysseen, Sofokles Kong Ødipus, Sapfos kjærleikslyrikk, Vergils Aeneiden, bibelske tekstar, Dantes Den guddomlege komedien og Boccaccios Dekameronen.
Undervisninga tek for seg opphavet, utveklinga og poetikken til dei klassiske sjangrane i ein estetisk, historisk og kulturell samanheng og viser korleis denne litteraturen gir nøklar til å forstå både litteratur og andre kulturformer i vår eiga tid.
Den siste delen av emnet tek for seg den italienske renessansen på 1300- og 1400-talet, som er utgangspunktet for den moderne litterære tradisjonen.
Læringsmål
Kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- kjenner hovudlinene i den vestlege litteraturen frå antikken til 1500
- har spesiell kunnskap om sentrale enkeltverk innanfor sjangrane epikk, lyrikk og dramatikk, og generell kunnskap om opphavet, utviklinga og poetikken til sjangrane
- forstår litteraturen i ein større estetisk, historisk og kulturell samanheng
- har ei grunnleggjande forståing for funksjonen til dei litterære hovedsjangrane
- kjenner til og kan bruke grunnleggjande litteraturvitskapelege analyseverktøy
- kan presentere og drøfte den tileigna kunnskapen i munnleg form
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.
Emnet blir undervist som blokkundervisning i 6 uker fra august til oktober.
Obligatorisk aktivitet:
1-2 obligatoriske aktivitetar, inkludert minst ei godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.