AIS2204
Maskinsyn
Sist undervist 2024
Høst
Ålesund
Norsk og Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet omfattar fylgjande tema:
- Grunnleggjande biletanalyse
- Grunnleggjande 3D-modellering
- Praktisk bruk av standardbibliotek for maskinsyn
- Objektgjenkjenning og -sporing
- Rekonstruksjon av 3D-scener frå stereobilete
- Øvrige tema som er naudsynte for å oppnå læringsutbyta
Læringsmål
Kunnskap
- Kandidaten kan gjere rede for grunnleggjande matematiske modellar for digitale bilete, 3D-modellar og maskinsyn.
- Kandidaten kjenner til prinsippa for digitale kamera (image capture).
Ferdigheter
- Kandidaten kan implementere utvalde teknikkar for objektgjenkjenning og -sporing samt rekonstruksjon i 3D.
Generell kompetanse
- Kandidaten har ei god analytisk forståing av maskinsyn og av samspelet mellom maskinsyn og andre delsystem i robotikk.
- Kandidaten kan utnytta samspelet mellom teori og praksis for å presentera, drøfta og diskutera ingeniørproblem og -løysinger.
Læringsformer og aktiviteter
Emnet bruker førelesing, seminar, øvingstimar og laboratoriearbeid som læringsformer.
Emnet har ei konstruktivistisk tilnærming til læring, med stort fokus på problemløysing og praktisk anvending av teori.