AAR4210
Fysisk miljøplanlegging
Sist undervist 2010
Vår og Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet er bygd opp omkring eit gjennomgåande prosjekt i eit konkret byområde. Prosjektet tek for seg lokalisering og arealbruk, service- og fellesfunksjonar, leik og rekreasjon, transportsystem, trafikktryggleik og universell utforming, og vassforsyning, avløp og forureiningar. På grunnlag av situasjonsanalysar skal det utarbeidast forslag til forbetringar av det fysiske miljøet og gjennomførast konsekvensvurderingar og samanlikning av alternativ. I prosjektet inngår bruk av digitale kart og framstilling av analysar og planforslag ved hjelp av enkel bruk av geografiske informasjonssystem (GIS). I tilknyting til dette blir det gitt ei innføring i landmåling. Forelesingane legg vekt på spørsmål som er sentrale i prosjektarbeidet, og vil elles gje innblikk i planleggingas samfunnsmessige oppgåver og planprosessar.
Læringsmål
Studentane skal gjennom arbeid med det fysiske miljøet få ein introduksjon til viktige element i berekraftig byutvikling og infrastruktur. Dei skal i tillegg få grunnleggande kjennskap til prosjektarbeid i grupper, rapportskriving og presentasjon.
Læringsformer og aktiviteter
Emnet blir gjennomført som problembasert læring (PBL) med hovudvekt på prosjektarbeid i grupper. Prosjektet gjer bruk av IKT-verktøy og skal presenterast som skriftleg rapport i digitalt format. Emnet blir gjennomført i samarbeid mellom Institutt for byforming og planlegging, Institutt for bygg, anlegg og transport og Institutt for vann- og miljøteknikk. Gruppevis prosjektkarakter, men mogleg med differensiert karakter innan gruppa. Landmålingskurset må vere godkjent for å få karakter i emnet. Det skjer ei samordning med førstesemesteropplegget Teknostart.