DANS4131

Performance Skills and Projects B

Last taught 2012

Norwegian

No grade statistics yet

We don't have grade data for this course yet. Statistics may appear once results are published.

About this course

Content

I emna formidling A og B vil ein jobba med ulike sider av kunstnarlege prosessar med tradisjonsdansen som utgangspunkt. Interpretasjon, komposisjon og koreografisk ideskaping vil vera gjennomgåande tema. Sentrale moment i undervisinga vil vera formidling av koreografi og skaping av danseuttrykk og kunstnarlege idear. Studentane vil i løpet av emna få arbeida med forskjellige koreografar i planlegging, produksjon og formidling av danseførestillingar med ulike perspektiv. Emnet inngår i ein samanheng med DRA 2001 Dramaturgi og konseptarbeid. Temaet "Folkedans mellom dansegolv og scene, val og strategiar" vil vera gjennomgåande for dei ulike oppgåvene og prosjekta. Studenten skal delta i husframsyningar og prosjekt. Obligatorisk kurs: Kurset Kunst, tradisjon og estetikk vil bestå av ei forelesingsrekkje som gjev innføring i kunstteori, enkelte djupdykk i scenedansen si historie og estetisk teori. Noko av undervisinga vil vera sams med DANS 2001 Dansens historie og estetikk. Evaluering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising/førelesningar og innlevering av skriftleg oppgåve (bestått/ikkje bestått).

Learning outcomes

Studiemålet er å utvikla seg i rolla som utøvande dansar, og kunna skapa presentasjonar og kunstnarlege uttrykk av dans med ulike ensemble og for ulike publikumsgrupper. Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131 • har kunnskap om korleis skape eit personleg danseuttrykk og bruk av ulike sceniske formidlingsteknikkar • har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og publikum • har kunnskap om ulike val, strategiar og dilemma med tradisjonsdans på scena • har kunnskap om kunstteori, scenedansen si historie og estetisk teori • har kunnskap om ulike innfallsvinklar til improvisasjon • har kunnskap om koreografiske teknikkar • har kunnskap om førebuing og gjennomføring av prestasjonar/framføringar Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131 • har ferdigheiter til å skape og formidle eit sjølvstendig danseuttrykk • har ferdigheiter til å kunne formidle og ta koreografi • har ferdigheiter til å formidle tradisjonsdans til ulike publikumsgrupper • har ferdigheiter til å samarbeide med ulike dansarar, koreografar og andre i å skape eit scenisk uttrykk • har ferdigheiter til å analysere danseverk • kan evaluere (reflektere over) eigne og felles prestasjonar/framføringar Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131 • kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre • kan reflektera omkring faglege problemstillingar

Teaching methods

Obligatorisk felles-, gruppeundervising og workshops. Studenten skal delta i utvikling og framføring av ein avsluttande danseproduksjon som offentleg eksamen med lengde på om lag 45 minutt.